Bli med på Kvakk.nos adventskalender!

Kor mykje kan du om Disney-teikneserianes geografi? Test dine donaldkunnskaper med nye geografinøtter kvar dag fram mot jul!

Kvar dag frå 1. til 24. desember legger vi ut to geografirelaterte Donald-spørsmål på desse sidene – eitt frå Barks, eitt frå Rosa. Du kan svare på eitt eller begge av desse spørsmåla, og sende dei inn for å vera med i tevlinga. Når advent er over, set vi oss ned og tel over kven som har flest riktige svar – og dei tre deltakarane med flest rette svar vinn kvar sin spennande overraskingspakke.

(Det einaste vi vil røpe om premiane foreløpig er at dei kjem til å vera både donaldrelaterte og utruleg fantastiske.)

Det einaste kravet vi stiller til deg som deltakar er at du har ei e-postadresse vi kan nå deg på dersom du vinner (og at du oppgir same e-postadresse kvar dag sånn at vi har ein måte å identifisere deg på). Bortsett frå det har alle som har lyst til det har sjølvsagt lov til å delta – vi vil gjera vårt beste for å tilstrebe ein snillare og meir familievennleg vanskelegheitsgrad enn det vi har pleidd å ha i Donald-NM. Dette skal vera eit avslappande underhaldningsinnslag i adventsstria, ikkje eit stressande meisterskap på liv og død som gjer at du tilbringer kvar einaste vakne time med nasen i ein donald-perm isolert frå familie, vener og julebakst. Det får vi ta eit anna år.

Lykke til – vi sjåast 1. desember!