Reglar for Kvakk.no-forumet

For å ha eit så godt forummiljø som mogleg, er vi nøydt til å setja nokre krav til brukarane våre. Gjentekne brot på desse reglane kan i verste konsekvens føre til utestenging frå forumet.

Generelt
Du kan ikkje skrive, laste opp, lenkje til eller på annan måte publisere noko som kan medføre straffeansvar, er ærekrenkande, rasistisk, truande, obskønt, pornografisk eller på annan måte er i strid med norsk lov.

Skriv innlegga dine på norsk (bokmål eller nynorsk), svensk, dansk eller engelsk.

Ikkje avslør detaljene i historier og filmar som det sannsynlegvis er mange som ikkje har lest enno. Dersom du ønskjer å diskutere noko som skjer som krever at du avslører handlinga i ei historie, putt detaljane i ein spoilerboks ([spoiler]Tekst her[/spoiler]).

Dersom du veit at ein diskusjon har vore oppe mange gonger tidlegare, du ikkje har noko nytt å kome med i debatten og du på mange måtar allereie veit kva alle meiner om temaet frå ein tidlegare diskusjon, la vera å starte opp denne debatten på nytt.

Hald språket ditt på eit sakleg nivå, som når du skriver brev eller e-post. Bruk vanlegvis berre eitt utropsteikn/spørsmålsteikn. Ikkje skriv setningar/innlegg med berre store bokstavar.

Følg norske reglar for opphavsrett. Du kan ikkje kopiere artiklar som er publisert i andre media. Du kan sitere korte utdrag, men berre med tydeleg referanse til kvar artikkelen har vore publisert og kven som har skrive han.

Ikkje legg ut e-postadresser i forumet – vi er svært populære blant spambotar.

Hald deg til tema
Dette er eit forum for Disney-relaterte diskusjonar. Her diskuterer vi Donald Duck, Mikke Mus, onkel Skrue og andre Disney-teikneseriar og Disney-filmar. Om du ønskjer å diskutere noko heilt anna, bør du finne deg eit anna forum å ta den diskusjonen i.

Ikkje skriv «off topic»-innlegg. Dersom ein diskusjonstråd handler om «Skrue McDucks liv og levnet», skal du ikkje bruke den tråden til å byrja å diskutere detaljane i «Der Führer’s Face». Ønskjer du å diskutere andre tema, er det fullt mogleg å opprette ein ny tråd.

Ikkje trekk fram ein tråd som ikkje har vore aktiv på mange månader med mindre du har noko veldig interessant å tilføre debatten.

Det er tillatt å skrive innlegg om andre teikneseriar enn Disney-seriar i forumet, men desse skrivast i kategorien «Andre teikneseriar».

Prøv å begrunne meiningane dine. Omtrent ingen er interesserte i å høyre at du meiner at «Donald er kuuuul!» med mindre du i tillegg seier kvifor.

Snakk for deg sjølv
Ikkje skriv innlegg av typen «Dette vil ikkje NN like», eller «Mange vil nok mene at…», eller «På dette forumet meiner vi at…». Dersom du meiner noko, skriv kva du meiner. Dersom andre meiner noko, klarer dei fint å skrive det sjølv.

Ikkje forsur stemninga
Diskuter sak og ikkje person. Ikkje trakasser meddebattantane dine. Godta at folk har andre meiningar enn deg. Ikkje krenk privatlivets fred. Godta andre menneskes eigenart, identitet, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn. Nedsetjande kommentarar øydeleggjar god stemning.

Opptre hyggeleg, og hugs at i tekstleg kommunikasjon høyrer vi ikkje alltid tonefallet ditt.

Hugs òg at ettersom dette er eit donaldistisk forum er dei fleste av oss her inne faktisk generelt positive til ganske mykje av det som skjer innanfor disney-teikneseriar. Det tyder ikkje at du ikkje har lov til å seie det du meiner, men det tyder ikkje at du bør eksplodere i sinne i kvar einaste tråd der det nemnast i ei bisetning at Egmont eller Disney har gjort noko du ikkje liker.

Ikkje skriv innlegg berre for å provosere.

Ikkje øydelegg debatten med spamming (gjenteke posting av same innlegg), flooding (innlegg som inneheld den same linja veldig mange gonger) eller andre medvitne forsøk på å øydeleggja debatten.

Det er ikkje tillete å opprette fleire brukarprofilar med den intensjon å innbille andre debattantar at du er fleire ulike personar. Det er fullt tillete å opprette ein ny profil dersom noko er galent med den gamle (t.d. at du ikkje hugsar passordet), men ikkje lat som om du er ein heilt ny person, og ikkje diskuter med deg sjølv.

Dine innlegg – ditt ansvar
Du er personleg ansvarleg for innhaldet i dei innlegga du legg inn i forumet, og held Kvakk.no skadeslaus ved eventuelle krav frå tredjeperson som følgje av dine debattinnlegg.

Dersom du er registrert brukar, hald passordet ditt hemmelig. Du vil bli haldt ansvarleg for innlegg som er skrive med ditt namn, same kven det er som sit ved datamaskina.

Moderatorane vil fortløpande vurdere alle innlegga som blir lagt inn. Dei innlegga som strider mot reglane, kjem vi til å redigere eller slette heilt. I ekstreme tilfelle, der vi ser at ein person bryter reglane om og om igjen, er det mogleg at vi vil gå til det steget å utestenge ein debattant.

Det er moderatorane som bestemmer. Om vi meiner at noko er i strid med reglane, er det det. Og dersom ein moderator ber deg om å slutte med noko, gjer du det.

Du godtar at IP-adressa du skriver innlegg frå blir loggført. Denne informasjonen kjem ikkje til å bli misbrukt eller gitt vidare til andre, men ved ekstreme tilfelle av lovbrot vil vi bistå folk med å finne ut kven du er, og om du bryter forumet veldig ofte og utestenging av brukaren ikkje er nok til å halde deg ute, kan IP-en din bli sperra.

Du aksepterer at desse reglane kan endre seg både ofte og drastisk, og skjøner difor at det kan vera smart å lese dei av og til.