Donald Duck har vore hovudpersonen i Donald-bladene sidan starten i 1948, og medan han framleis har nokre trekk frå teiknefilmdebuten i 1934, er det ei rekke faktorar og personar som har spelt inn for at han har blitt den han har blitt. Clarence Nash, Al Taliaferro, Disneys andeteam og til ein viss grad Jon Gisle – men mesteparten av æra tilhøyrer likevel ein hønsefarmar frå Oregon.
Den offisielle historia om korleis Donald Duck blei til, seier at han debuterte i teiknefilmen The Wise Little Hen, som hadde premiere i 1934 (Markstein, 2007). Og jodå – det stemmer at ei and med namnet Donald Duck medverkar i denne teiknefilmen, og at det er den første teiknefilmen han medverkar i. Korvidt denne figuren eigentleg er vår Donald er derimot eit definisjonsspørsmål, og dette var heller ikkje første gong namnet Donald Duck var å finne i eit Disney-produkt.
Ei stjerne blir til
Namnet Donald Duck dukka første gong opp i eventyrboka The Adventures of Mickey Mouse, som kom ut i 1931. Denne boka fortel at Mikke har mange vener på gården, blant dei Henry Horse, Carolyn Cow, Patricia Pig og Donald Duck – men på dette tidspunktet var Donald Duck berre eit namn. Allereie året etter dukka namnet opp igjen, denne gongen i Storbritannia, i albumet Mickey Mouse Annual #3, der ei svart and med matrosdress blir presentert som Donald Duck – men han var framleis ikkje så lik dagens Donald at dette reknast som Donalds «fødsel» (Gerstein, 2004a, s. 4).
Då Disney i 1933 jobba med teiknefilmen The Wise Little Hen, og amatørinnlesaren Clarence Nash prøvde å gi Donald ein stemme, var det derimot godt nok for Walt Disney. Nash’ stemme var saman med figuren laga av animatøren Dick Lundy ei tidleg utgåve av den Donald som framleis dominerer blada i dag – rettnok med eit noko annleis utseende, og ei heilt anna personlegdom, enn slik han seinare har blitt. Denne utgåva av Donald debuterte på radio i mars 1934, og filmen hadde som kjent premiere 9. juni 1934 (Gerstein, 2004a, s. 4).
I teiknefilmen var Donald Duck og Peter Pig (som i sine opptredenar i norske teikneseriar har hatt namnet Gasse Gris) to bifigurar som likte å leve livet og slappe av, og som ikkje hadde ei bekymring i livet. Personlegdomsmessig er det altså mykje som ikkje minner om dagens Donald, men han var på god veg, og allereie i sin neste teiknefilm, Orphan’s Benefit (1934) dukka det berømte temperamentet hans opp (Gerstein, 2004a, s. 4-5). At Donald i det heile tatt fekk ein film nummer to, medan Gasse Gris er ein perifer og relativt ukjent figur i dag, må sannsynlegvis Clarence Nash og hans unike stemmetalent få mykje av æra for. Etter dette dukka Donald opp i ei rekke kjente teiknefilmar. Mickey’s Service Station (1936) var starten på ei rekke filmar der trekløveret Mikke, Donald og Langbein utfører ulike arbeidsoppgåver saman, og etterkvart fekk Donald opptre utan Mikke òg. Etter suksessfilmar som Donald and Pluto (1936), Don Donald (1937) og Modern Inventions (1937), blei Donald like godt gjort til ein fast hovudattraksjon, og Donald’s Ostrich (1937) var den første filmen produsert av Disneys «andeteam» – Jack King, Carl Barks, Chuck Couch, Harry Reeves og Jack Hannah – ei gruppe som var sett saman spesielt for å produsere gode Donald-filmar (Gerstein 2004a, s. 5).
Donald Duck har fått ein Oscar for teiknefilmen Der Fuhrer’s Face (1943), og Oscar-nominasjonar for Good Scouts (1938), Truant Officer Donald (1941), Donald’s Crime (1945), Chip ’n’ Dale (1947), Tea for Two Hundred (1948), Toy Tinkers (1949), Rugged Bear (1953) og No Hunting (1955) (Markstein 2007). I 2004 fekk han ei stjerne på Hollywood Walk of Fame («Walk of Fame star for Donald Duck», 2004).
Inn i teikneseriane
Allereie 16. september 1934 debuterte Donald i teikneseriemediet, då teikneserieversjonen av «The Wise Little Hen», bearbeida av Ted Osborne og Al Taliaferro, kom på trykk i amerikanske aviser. 10. februar 1935 debuterte Donald som bifigur i Mikkes avisstriper, der han på tross av sitt skøyaraktige lynne var ein trufast medlem av gjengen (Gerstein, 2004b, s. 10). Det var i denne perioden Ted Osborne og Floyd Gottfredson laga klassikarar som «Mysteriet med de stjålne frakkene» og «De sju spøkelsene», og populariteten Donald oppnådde i desse seriane var nok til at han frå 30. august 1936 fekk sin eigen avisserie, der Osborne og Taliaferro fekk lage ei vekentleg Donald-side. Frå februar 1938 fekk Donald ei dagleg avisstripe. I dei tidlege avisseriane verker Donald å vera ein del yngre og mindre moden enn han er i dag, men dette blei det forandra på allereie i 1937. I startfasen var det gjerne figurar som Klara Ku eller Tipp og Topp som medverka som bifigurar i Donald-seriane, men etterkvart introduserte duoen Taliaferro/Osborne – og etterkvart duoen Taliaferro / Bob Karp – bifigurar som Ole, Dole og Doffen, Bolivar og Bestemor Duck (Gerstein 2004b, s. 10). Donalds kjæreste Dolly, som debuterte som meksikansk fristerinne i filmen Don Donald (1937) og i si vante form i Mr. Duck Steps Out (1940), blei òg etterkvart importert til teikneseriemediet.
I 1940 prøvde Western Publishing, lisenstakaren for Disney-blader, å trykke eit frittståande Donald Duck-hefte. Dette slo an blant lesarane, og Western bestemte seg for å ta skrittet vidare: Seinare same år blei aktivitetsbladet Mickey Mouse Magazine erstatta med det no legendariske flaggskipet Walt Disney’s Comics and Stories, i tillegg til at dei trykte ein del Disney i sin Four Color-serie. Det blei fort eit problem at Disneys stripeproduksjon ikkje var nok til å fylle desse blada, og Western byrja difor etterkvart å lage sine eigne seriar (Gerstein, 2004c, s. 17-18). Disney-redaktøren Oscar Lebeck kom i 1942 over skissene til den forkasta teiknefilmen Morgan’s Ghost, som han meinte at kunne fungere som teikneserie. Han fekk stripeforfattaren Bob Karp til å skrive eit manus til denne serien, medan Carl Barks og Jack Hannah, begge med bakgrunn frå Donald-kortfilmane, blei satt til å teikna serien. Med sine 64 sider var «Sjørøvergull» då den blei utgitt som Westerns Four Color Comic 9 i august 1942, den lengste teikneserien Donald hadde fått boltre seg i nokon gong (Blum 2005a, s. 117-121). Dette var den første i ei lang rekke lengre Donald Duck-teikneseriar.
Carl Barks
Kort tid etter «Sjørøvergull» forlot Carl Barks Disney-studioa, og for å skaffe ei inntekt kontakta han Western Publishing og fortalte at han var ledig for det dei måtte ha å tilby han. Han fekk ganske snart tilsendt manuset til «Parselldyrkeren», som stod på trykk i Walt Disney’s Comics and Stories 31. Etter dette fekk han skrive sine eigne manuskript, og etter ein handfull tisidarar tok Barks motet til seg og sendte Western et forslag til historien som skulle bli «Mumiens ring». Barks hadde no demonstrert at han hadde det som skulle til både for å produsere tisidarar og lengre historier for Donald. Og Donald sjølv vaks for kvar historie Barks brukte han i – noko Barks skulle halde fram med å gjera i eit kvart hundreår (Blum 2005b, s. 139-140).
Personlegdomen Donald fekk i teikneseriane utvikla seg i ei litt annleis retning enn film-Donald hadde gjort. Medan Clarence Nash’ uforståelege kvekking var eit elska varemerke for filmlerretets Donald Duck, var Barks’ Donald djupare og meir kultivert –